Smia stod ferdig i 2008 og er flittig brukt til smiing og hyggelige matgilde saman med familie og vener. Bestefar, oldefar og tippoldefar var navarsmedar og det var lysten til å lære meg denne smiteknikken som gjorde at smia vart bygd.
I dag er eg heldig å få lære meg navarsmiing av Johannes H. Fosse og Johannes I. Fosse, som er i same smislekta som meg.
-
2-esser
-
Kuhn 50 kg hammer
-
Vedkomfyr til matlaging
Johannes H. Fosse vrir ein navar - sjå på video nedanfor:
For å lage ein navar frå start til slutt er det ca. 25 ulike trinn. Her viser Johannes H. Fosse meg trinn 3- det å vri sjølve skjæret på navaren. Dette er ein smiteknikk som ser enkel ut men her ligg det mange timar og hammarslag bak for å beherske kunsten.
"AGURKUS"- smidd i 2009
"Agurkus"- fekk 3.pl. NM I smiing år 2009-åpen klasse